Stiegler Advokatfirma på Voss

lokal tryggleik, sterk fagkompetanse

På Voss-kontoret til Stiegler møter du to advokatar og ein advokatfullmektig – alle tre med høg fagleg kompetanse og stor gjennomføringsevne. Dei tilbyr juridisk rådgjeving til både privatpersonar og næringsliv i heile Voss- og Hardangerregionen, og kombinerer lokalkunnskap på Voss med styrken i eit etablert advokatmiljø.

Gjennom det tette samarbeidet med spesialistane ved hovudkontoret i Bergen får kundar og samarbeidspartnarar på Voss direkte tilgang til spisskompetanse innan mellom anna konkurs, arv- og familierett, strafferett og næringslivsjus. Resultatet er juridiske løysingar av høg kvalitet, levert av eit tilgjengeleg og engasjert team som kjenner både regionen og regelverket.

Me har også eit kontor i Odda som vil vere bemanna sporadisk.