westAktuelt

Ny dom frå Høgsterett om avkorting i arv for gåver gjevne før 2021

8. juli, 2025 av Mari Karoline Mellingen

Har du gjeve barna dine gåver før 2021? Høgsterett har no slått fast kva reglar som gjeld for avkorting i arv i slike saker (HR-2025-1182-A).  Dommen påverkar deg som arvelatar eller arving – og viser kor viktig det er å klargjere verknaden av gåver til barn i rett tid for å hindre unødig konflikt.

Kva gjaldt saka?

Tre av fire barn hadde fått større gåver frå faren før 1. januar 2021, då den nye arvelova tredde i kraft. Det fjerde barnet hadde ikkje fått slike gåver. Kort før faren døydde, gav han i testament uttrykk for at dette barnet skulle arve mest, og at dei andre skulle få avkorta arven sin tilsvarande gåvene dei hadde fått. Testamentet var imidlertid ikkje gyldig, fordi det mangla vitne. Når buet skulle delast, krov det fjerde barnet at dei andre sin arv skulle avkortast. Dei andre barna meinte på si side at avkorting ikkje kunne skje fordi faren ikkje hadde bestemt dette før ny arvelov tredde i kraft.

Gammal kontra ny arvelov – kvifor er dette viktig?

Etter arvelova av 1972 kunne arvelatar fastsetje eller føresette avkorting i arv også etter at gåva var gjeven (§ 38). Den nye arvelova krev derimot at arvelatar fastset at gåva skal kome til frådrag i livsarvingen si arv seinast samstundes som gåva vert gjeven (§ 75).

Hovudspørsmålet i saka var difor kva lov som gjeld når gåva er gjeven før 2021, men det ikkje før lova tredde i kraft er bestemt om avkorting skal skje. Overgangsreglane i ny arvelov fastset at reglane om avkorting i lova gjeld når avtalen vert inngått disposisjonen vert gjort etter lova tredde i kraft (§ 180 sjette ledd). Høgsterett slo etter ei tolking av overgangsreglane fast at det er gåvetidspunktet som avgjer om ny eller gammal arvelov skal nyttast.

Høgsterett fann dermed at lagmannsretten si forståing av lova var feil og oppheva lagmannsrettsdommen. Saka er difor sendt tilbake til lagmannsretten, som no må ta stilling til om faren etter 1. januar 2021 faktisk hadde fastsett eller føresett at avkorting skulle skje.

Oppsummert

Er gåva gjeven før 1. januar 2021, gjeld arvelova av 1972 § 38. Det betyr at også ei avgjerd om avkorting etter 2021, kan føre til at gåva skal gå til frådrag i arven  – så lenge gåva vart gjeven før ny lov tredde i kraft. Først for gåver gjevne etter 1. januar 2021 gjeld krava i ny arvelov § 75 om at avkorting må fastsetjast seinast samstundes med at gåva blir gjeven.

Konsekvensar – kva betyr rettsavklaringa for deg?

  • Har du fått gåver frå foreldra dine  før 1. januar 2021, kan det seinare bli bestemt at dette skal gå til frådrag i arven din.
  • Planlegg du å gje gåver til barna dine, bør du alltid på førehand avklare og dokumentere om dette skal reknast som forskot på arv.

Våre råd – unngå konflikt

Små uklarheiter kan utløyse store konfliktar i arveoppgjer. Difor er det viktig å avklare om gåver skal reknast som forskot på arv og kva reglar som gjeld.

Kontakt oss for ei vurdering av di sak dersom du:

  • Har gjeve eller motteke større gåver før 2021
  • Ønskjer hjelp til å skrive testament eller gåvebrev
  • Er i konflikt om fordelinga av arv

Me hjelper deg med å trygge arveoppgjeret og hindre at situasjonen låser seg.

Har du spørsmål om forskot på arv elle andre arverettslege spørsmål? Våre advokatar hjelper deg trygt gjennom heile prosessen.

Relaterte artikler

Spørsmål?